Innimellom «Beatles»-produsering, «Pirates of the Caribbean 5»-førebuing, og ei rekkje andre planlagde prosjekt har Espen Sandberg og Joachim Rønning også regissert to episodar av Netflix‘ komande eventyr om Marco Polo, ved sidan av å vere utøvande produsentar for serien.

I dag slapp Netflix dei første bileta frå tv-serien (i botnen av saka), og la i same slengen ut premieredatoen for serien – som kjem den 12. desember i 2014. Handlinga baserar seg på den oppdagelsesreisande Marco Polo, spelt av italienske Lorenzo Richelmy («Borgia»), sine reiser gjennom Asia på 1200-talet.

Marco Polos historiske reiser. Serien skal fokusere mest på hans tidlige erfaringer i Kublai Khans hoff. (Foto: Wikipedia/Wikimedia Commons)
Marco Polos historiske reiser. Serien skal fokusere mest på hans tidlige erfaringer i Kublai Khans hoff. (Foto: Wikipedia/Wikimedia Commons)

– Fusco og hans team har saman skapt ei tidlaus forteljing med ingrediensar som makt, eventyr, svik og begjær, sa Netflix-sjef Ted Sarandos i ei pressemelding tidlegare i år.

John Fusco står bak manus på filmar som «Hidalgo» og «Young Guns», og dette er det første han gjer for Netflix. «Marco Polo» er strøymetenesta sin sjette heimelaga serie – og legg seg no saman med blant anna «Orange is the New Black» og «House of Cards».

Saman med Richelmy er blant anna Zhu Zhu («Cloud Atlas») seriens kvinnelege hovudrolle, medan Joan Chen («Twin Peaks») og Benedict Wong («Prometheus») speler henhaldsvis Dronning Chabi av Kina og Khublai Khan av Mongolia.

Harvey Weinstein er produsent på prosjektet, og han tok med seg regissørane etter at han distribuerte «Kon-Tiki» for den amerikanske marknaden.

Dette er både Frusco og Sandberg/Rønnings første tv-serie, og eit av dei første ordentlege stega til Weinstein inn i tv-verda.

Rønning har lagt ut bilder fra innspillingen, som blant annet viser kazakhstansk hestewrestling.

I etterkant har det blitt reist spørsmål om den historiske Marco Polo faktisk gjennomførte reisene han beskreiv, blant anna på grunn av detaljar som ikkje skal stemme heilt overeins.

Mest sannsynleg vert dette ikkje teke med i serien som Netflix beskriver som «ei verd fylt med nydeleg kampsport, seksuelle intriger, politiske dolkestøt, og gigantiske slag» – eller «Game of Thrones»-modellen, som det gjerne vert kalt no for tida.

MP_02_01262r1

MP_01_04798r

MP_01_00022r

MP_04_00101r1

A scene from Netflix's "Marco Polo."  Photo Credit: Phil Bray for Netflix.