Om du ikkje skulle vere klar over det: Det finst to viktige Steve i Apple-historia. Steve Jobs, gallionsfiguren, den attkomne sonen, forkynnaren. Og Steve Wozniak, programmeraren, fiksaren, bakgrunnsnerden.

I den komande Danny Boyle-regisserte filmen om Apple-grunnleggjarens liv er Christian Bale allereie signert opp for å spele Steve Jobs, og no er også den andre Steve klar. Det er Seth Rogen som skal spele Wozniak, skriv Variety.

Christian Bale er ikkje heilt ulik Steve Jobs heller.

Manusforfattar er Aaron Sorkin («The West Wing», «The Social Network»), som er velkjend for sin raske, skarpe dialog. Han har tidlegare uttalt at filmen ikkje vil følgje heile livet til selskapet Apple, men i staden fokusere på tre viktige punkt:

– Heile filmen er tre scener, kun tre scener. Alt tek stad i «real time», sa Sorkin til Guardian i 2012.

– Det vil ikkje vere nokre tidshopp, og kvar vil finne stad før ei produktlansering – backstage før ei produktlansering. Den første vil vere Mac-en, den andre er NeXT – etter at [Jobs] forlot Apple. Den tredje er iPoden.

Han meiner desse tre er dei viktigste punkta i livet til Mr. One More Thing – og viser både oppstarten, selskapet etter at Jobs forlot det, og triumfen då han kom attende.

kutcher-jobs-comparison

I fjor kom den Joshua Michael Stern-regisserte «Jobs» med Ashton Kutcher i hovudrolla. Sjølv om likskapen til den verkelege figuren var nesten urovekkjande stor, vart filmen aldri så godt motteke – verken frå eit samla publikum, eller kritikarar.

Sorkins forsøk skulle eigentleg kome i 2013, og hadde David Fincher som regissør, men på grunn av pengetrøbbel vart den utsatt og har enno ikkje fått ein offisiell dato.

I tillegg til Christian Bale og Seth Rogen er Jessica Chastain («Zero Dark Thirty», «Miss Julie») tilknytt filmen i ei hittil ukjend rolle.