Du har kanskje lest eller høyrd skodespelarar og regissørar fortelje om stemninga medan ei sexscene vert spelt inn, men har du nokosinne sett det sjølv?

I «Stretch» speler Patrick Wilson ein limousin-sjåfør som må betale spelegjelda si, og i løpet av filmen hamnar han til sengs med rollefiguren til Brooklyn Decker.

Via nettstaden Sploid har dei lagt ut eit klipp som viser korleis det heile ter seg også når kamera ikkje rullar.

Brooklyn Decker og Patrick WIlson i «Stretch».
Brooklyn Decker og Patrick WIlson i «Stretch».

Den funky musikken er nok for å unngå pinleg stillheit, men er det eigentleg eit effektivt triks? Eg berre spør…

Og korleis hadde du eigentleg kjent det dersom ein kar hadde hoppa inn mellom opptak for å spraye deg med falsk svette? Eg tippar iallfall at det ikkje hadde vore veldig sexy.

I bakgrunnen høyrer me regissør Joe Carnahans («Smokin’ Aces», «The A-Team») beskrivingar. Om du føler for å sjå ein ferdigklipt versjon av denne scena, og kanskje til og med meir, så dukkar ikkje «Stretch» opp på kino, men den får nok release for heimekinoen til neste år ein gong.