Sjå på biletet over, og sjå om du finn ein fellesnemnar. Ja, ok, dei er alle superheltar frå DC Comics sitt filmunivers, som skal utvidast dei komande åra av Warner Bros, men sånn bortsett frå det?

Dei er alle ganske alvorlege. Både Batman, Wonder Woman og Supermann viser ikkje eit hint av smil. Ifølgje bransjeveteranen Drew McWeeny i Hitfix er det ikkje tilfeldig:

– Førre veke var omtrent den femte gongen eg har høyrd at det er eitt mandat hjå Warner Bros. om alle dei komande superheltfilmane som er under utvikling, og det er veldig enkelt og direkte og poengtert, skriv han.

– Ingen vitsar.

Han spekulerar i om det er suksessen til seriøse «Man of Steel» og «Dark Knight Rises» og floppen til humoristiske «Green Lantern» er det som har avgjort det for Warner Bros, og meiner at det vil vere ein dårleg idé for superheltane.

– Sjølv i dei mest seriøse mainstream-filmar er nokre av dei mest minneverdige augneblinka då ein kan sleppe ut litt damp, der ein latter er brukt som eit punktum.

Ryan Reynolds – Green Lantern.
Farge hadde i det minste «Green Lantern», men bortsett frå det var den ikkje spektakulær på noko vis.

Om ein antek at WB-mantraet stemmer, så er det sjølvsagt mange ulike variantar det kan bli implementert – frå at ingen av dei komande superheltfilmane skal vere reine komedier, til at det faktisk ikkje skal vere ein einaste vits i nokon av dei komande – minst – ti filmane.

Lat oss håpe at ikkje alle filmane blir dei mørke, «gritty» historiene – som har lett for å tippe over i det sjølvhøgtidelege. Om ikkje anna, så har Marvel med «Guardians of the Galaxy» – som er blant årets mestinntenande filmar på verdsbasis – vist at superheltane også kan fungere om dei er fulle av fargar og morosame.

På den andre sida, å skilje seg frå konkurransen kan vere ein god ting for DC-filmane, sjølv om det i verste fall kan bety at dei saman blir litt einsarta.

Til trass for at Batman er ein seriøs kar, så betyr det ikkje at den formelen fungerar på alle superheltar – Dwayne «The Rock» Johnson har så godt som bekrefta at han skal spele Shazam, ein 12-åring som får superkrefter når han seier eit visst ord. Vis meg gjerne den manusforfattar som kan skrive den historia utan vitsar.

Shazam og Supermann diskuterar sine hemmelege identitetar. (Foto: DC)
Shazam og Supermann diskuterar sine hemmelege identitetar. (Foto: DC)

Inntil vidare har ikkje Warner Bros kommentert ryktet.