Det er ikkje berre action og sci-fi frå 70- og 80-talet som blir reboota i desse dagar. Ved sidan av «Conan», «Predator» og «Mad Max» er også gamal barne-tv på veg attende.

Den siste i rekkja er «The Clangers» – som her i Noreg vart kjende som «Romlingane». Serien vart produsert av BBC på slutten av 60-talet, og gjekk i 12 episodar på NRK i 1972 og 1982.

Gjenskapinga av «Romlingane» skal også denne gongen gå på BBC, og vert produsert for småbornkanalen CBeebies – og Michael Palin tek over som forteljarstemma frå avdøde Oliver Postgate.

– Han har vore ein varm og sjarmerande guide for oss i alle hans lange reiser rundtom på jorda, så det passar bra at han pakkar veskene sine igjen, går ut i det stjernefylte universet, og gjer det same for «Romlingane», seier medskapar på den originale serien, Peter Firmin, ifølgje Den of Geek.

Her i Noreg var det Ingebrikt Davik som hadde den særs attkjennelege forteljarstemma – ved sidan av dei fløyteplystrande stemmene til dei museaktige figurane.

Davik døydde i 1991 etter ei lang karriere som borneunderhaldar. Difor trengst det også no ei ny stemme til dei søte månebebuarane. Kven burde det vere?

Om dette er inspirert av «Muppets»-suksessen vitast ikkje, men «Romlingane» er langt frå dei einaste barne-tv-trynene som dukkar opp igjen frå 20-30 års pause.

«Teenage Mutant Ninja Turtles» vart nettopp til ein kinofilm, «Power Rangers» kjem i 2016, «Fragglene» blir ein ny film, og det er også snakk om ein reunion for Bob Saget-tv-serien «Under samme tak».