Syfy tener nok faktisk meir på å lage forferdeleg dårlege lågbudsjetts-monsterfilmar, enn på å lage gode sci-fi-seriar – så enkelt kan det seiast.

Med andre ord, sjølv om det er spennande at dei held på med ting som «12 Monkeys», «Ascension» og «The Expanse», så får me framleis «med vilje»-b-filmar som «Sharknado», «Shark Avalanche» og no komande «Lavalantula».

«Lavalantula» handlar om omtrent det det høyrest ut som – lavasprutande tarantell-edderkoppar invaderar Los Angeles, og nokon må redde oss. Og, som i fleire av deira andre filmar, hentar dei fram smått gløymde skodespelarnamn frå 80- og 90-talståka. I «Sharknado» fekk me stifte attkjennskap med Ian Zering («Beverly Hills 90210») og Tara Reid («American Pie»), og i «Lavalantula» dukkar heile tre av skodespelarane frå dei klassiske «Politiskolen»-filmane opp.

Regissør og manusforfattar på «Lavalantula» er Mike Mendez, som laga «Big Ass Spider!» i fjor – ein film litt i same sjanger:

Steve Guttenberg, Michael Winslow og Leslie Easterbrook – betre kjend som kjekkasen Mahoney, den strenge instruktøren Callahan, og lydeffektspesialisten Jones – skal nemleg innta roller i filmen, melder Topless Robot. Guttenberg skal spele ein avdanka 90-talsactionstjerne, ellers er lite kjend.

Ingen av dei tre har hatt særleg til stor-roller dei siste åra, men Easterbrook har spelt i mange mindre skrekkfilmar, Winslow gjer framleis lydar i til dømes «Robot Chicken» og Guttenberg hadde blant anna ei minneverdig rolle i «Veronica Mars».

Denne typen casting er ikkje uvanleg for slike filmar. Produksjonsselskapet Asylum har til dømes fått mykje merksemd gjennom å hyre inn Jaleel «Steve Urkel» White og Lorenzo Lamas til filmane i «Mega Shark vs. Giant Octopus» og «Mega Shark vs. Crocosaurus» – og har med ekstremt låge budsjett og relativt god inntening klart å byggje ein industri på det.

Mon tru om «Lavalantula» vert like god som «Sharknado 2»?

Mike Mendez og Syfy lager «Lavalantula».
Mike Mendez og Syfy lager «Lavalantula».