Historia om den briljante vitskapsmannen Alan Turing, som under andre verdskrig knuste nazistenes kodemaskin Enigma, men tilfeldigvis viste seg å vere homofil – noko som var straffbart på den tida – er spennande i utgangspunktet, men filmen «The Imitation Game» er likevel ekstra lovande.

Med Benedict «Sherlock» Cumberbatch, Mark Strong, Keira Knightley, Charles Dance og ei rekkje andre krembriter på rollelista, samt Oscar-vinnar Alexandre Desplat bak musikken, Oscar-vinnar William Goldberg på klipp, Oscar-strateg Harvey Weinstein som produsent, og norske Morten Tyldum i registolen – må det vel vere lov til å håpe på noko stort.

– Det er slik ei kompleks historie, seier Tyldum i eit intervju med Empire Magazine.

– Den har homorettigheitselementet, men også korleis ideane vart halden hemmelege og kor utruleg viktig arbeidet hans var under krigen – noko han aldri fekk æren for.

Først i julaftan i fjor i år vart Turing benåda – nesten 60 år etter at han tok sitt eiget liv etter å ha mista sikkerheitsklareringa og blitt kjemisk kastrert som følgje av legninga si.

Tidleg buzz frå ei prøvevisning i New York (via Radio Times) gir glødande tilbakemelding til Cumberbatch og filmen generelt.

Empire slapp òg to nye bileter frå filmen:

Keira Knightley, Mark Strong og Benedict Cumberbatch i Imitation Game.
Keira Knightley, Mark Strong og Benedict Cumberbatch i «Imitation Game».
Benedict Cumberbatch og Charles Dance i Imitation Game
Benedict Cumberbatch og Charles Dance i «Imitation Game»

Keira Knightley spelar Turings kodeknekkar og nære ven Joan Clarke, Mark Strong spelar Stewart Menzies – sjef for kodeavdelinga på Bletchely Park, og Charles Dance speler kommandør Alastair Denniston, deira militære øvstkommanderande (som visstnok var ein rakkar på landhockey).

«The Imitation Game» får verdspremiere i november, og Noregspremiere den 25. desember i år.