Science fiction-filmen har lenge vært glad i verdsrommet, men ingen har så langt spelt inn sci-fi i det ytre rom. Det vil seie, heilt til nyheita om kortfilmen «Apogee of Fear» dukka opp i horisonten.

Regissør er Richard Garriot, dataspelutviklaren bak «Ultima», som betalte sin veg til romstasjonen ISS i oktober 2008. Han er son av Owen K. Garriot, som var astronaut på NASA sitt Skylab 3-prosjekt på 70-talet.

Kortfilmen var opprinneleg tenkt som eit sideprosjekt til hovudprosjektet «Man on a Mission» — ein dokumentar om å følgje i farens fotspor — som Garriot laga under opphaldet. «Apogee of Fear» er basert på eit manus av fantasyforfattaren Tracy Hickman, og er spelt inn med astronautane på stasjonen som skodespelarar. Ei stund såg NASA ut til å stanse kortfilmen, sidan det var utanom avtala Garriot hadde med dei. Men nyleg slapp rom-etaten ein kommentar som ser ut til å tillate filmens eksistens:

— NASA arbeider med Garriot for å legge til rette for filmens utgivelse. Sjølv om prosjektet hans ikkje var i den opprinnelege avtala med NASA, ser me at den er laga med dei beste intensjonar. Me håpar at dei gjenståande problema, og me set pris på Richards samarbeid, og hans pågående innsats for å gjere folk interessert i framtida til romfart, seier Bob Jacobs, kommunikasjonssjef i NASA, i ein kommentar til Wired.

Dette betyr mest sannsynleg at NASA vil ha mogelegheita til å kunne redigere filmen om dei føler det er behov for det.

«Apogee of Fear» handlar om stasjonen ISS idet Garriot og nokre andre astronautar forlet den. Dei resterande austronautane gir uttrykk for lettelse då dei endeleg kan sleppe dataspelsnakket til Garriot, men byrjar etter kvart å sakne han. Etter ei stund byrjar dei å merke at oksygenforbruket er høgare enn vanleg… Filmen inneheld fleire referansar til andre sci-fi-filmar som «The Day the Earth Stood Still», «Forbidden Planet» og «Galaxy Quest».

Ein tidleg versjon av filmen kan sjåast i dette amatøropptaket frå DragonCon 2011: