I helga var Jim Carrey vert på komi-programmet «Saturday Night Live». Sånn delvis for å minne folk på at han eksisterar, og dels fordi han trass alt har ein ny film på veg som folk faktisk bryr seg litt om – «Dumb & Dumber To».

Etter ein introduksjonstale ikledd Elvis-drakt og djevelske bukkehorn – Hellvis – i anledning Halloween denne veka, gjorde han blant anna narr av Hollywood-kollega Matthew McConaughey (via The Wrap). Oscar-vinnaren har nyleg dukka opp i ein reklame for bilmerket Lincoln, ei litt sentimental greie:

Carrey plukkar opp McConaugheys sørstats-«drawl», freamhever kinnbeina, og gjer noko som ligg tettare opptil originalen enn sjølv det Vidar Magnussen fekk til. Favorittsitatet er og blir:

– Sometimes you gotta go back to actually move forward. And I don’t mean go back and reminisce or chase ghosts. I mean, take a big step back. Like go from winning an Oscar to doing a car commercial.

Dette er langt frå første gong Carrey er med i «SNL». Han har vore innom som vert fleire gongar, og er kanskje best hugsa for sketsjen der han speler ein overivrig livvakt – for eit boblebad. Dette var før Will Ferrell slutta å spele normale mennesker:

«Dumb and Dumber To» (eller «Dum og dummere to» som den heiter her til lands) får norsk premiere den 14. november.