Har du gått lei av superheltar enno? Synd, for dei kappekledde kjem til å vere tilstades ei stund til. I natt bekrefta Disney og Marvel datoane for sine komande superheltarfilmar heilt fram til 2019.

  • 28. juli 2017
  • 3. november 2017
  • 6. juli 2018
  • 2. november 2018
  • 3. mai 2019

Desse datoane har enno ikkje fått titlar, men Marvel har allereie bekrefta at skrekkfilmregissør Scott Derrickson («Sinister») arbeider på «Dr. Strange», og ein tredje «Thor» som nok vil plassere seg langs desse datoane. Ein oppfølgjar til komande «Guardians of the Galaxy» er også sannsynleg.

Det er venta at nokre av desse vil bli bekrefta under deira presentasjon på Comic-Con den 26. juli.

I tillegg er det spekulert og delvis bekrefta at Marvel arbeider med tidlege versjonar av manus for superheltar som «Black Panther» og «Hulk», og at dei lurar også på ein «Black Widow»-film.

Filmane kjem i tillegg til allereie bekrefta «Guardians of the Galaxy» den 1. august i år, «Avengers 2: Age of Ultron» den 1. mai 2015, «Ant-Man» den 17. juli 2015, og «Captain America 3» den 6. mai 2016.

Etter all sannsynlegheit vil 2019 avslutte Marvels «fase 3», som startar med «Ant-Man». «Fase 1» starta med «Iron Man» i 2008, og slutta med «Avengers» i 2012. «Fase 2» starta med «Iron Man 3», og avsluttast med «Avengers 2: Age of Ultron» i 2015.

Og no har me ikkje ein gang snakka om tv-seriane til Marvel, og ikkje minst konkurransen med DC Comics – som allereie har starta eit liknande løp med både storfilmar og tv-satsing.

Men først er altså «Guardians of the Galaxy», som nyleg slapp fleire klipp – deriblant eit av den sjarmerande vaskebjørnliknande skapningen Rocket og hans tre-ven Groot.

Var du lei superheltar sa du?