Orange is the new future. «Mad Max» er attende, men med Tom Hardy i front, og framtida ser plutseleg forferdeleg ut igjen. Den første ordentlege traileren for «Mad Max Fury Road» er her.

George Miller ville gjenopplivne «Mad Max»-franchisen var det fleire som var skeptiske til om dette berre var hans måte å tjene fleire pengar på. Men den første traileren, som fokuserar meir på stemning enn på å overfortelje historia, verkar i det minste spennande.

Miller hadde eigentleg ikkje tenkt å lage fleire «Mad Max»-filmar etter den tredje i 1985, men fekk ein ny idé for om lag 14 år sidan.

– ‘Det var ein «Mad Max»-idé’, tenkte eg. Eg la den til sida, men når ideen var planta dukka den opp no og då som ein usynleg ven, seier Miller til Hero Complex.

Tom Hardy som Max Rockatansky i «Mad Max Fury Road».
Er det ein callback til rolla som Bane i «The Dark Knight Rises»?

Førre gong han prøvde var rundt 2000, då var Mel Gibson – som spelte Max Rockatansky i dei første filmane – tiltenkt hovudrolla. Men finansiell krasj i Australia (og personleg krasj for Gibson) førte til at prosjektet vart lagt på is – heilt til Tom Hardy dukka opp.

– Eg følte det same med Tom som eg følte med Mel då eg først traff han; paradokset mellom tilgjengelegheit og fare hjå ein skodespelar, når du ikkje heilt veit kva dei skal gjere. Eg brukte ein del tid med ein tiger då eg arbeidde på «Babe»-filmane, og eg ville berre ta på tigeren – mønsteret i ansiktet, og dei fortryllande augene. Det er omtrent som det, på ein metaforisk måte, seier Miller om Tom Hardy.

Han trekk fram gode gamle dager, og seier at absolutt alle bilkræsja i den nye filmen er gjort av stuntmenn – og også av skodespelarane sjølv der det var mogeleg. «Mad Max Fury Road» får verdspremiere den 15. mai neste år.

Lovande?