«Game of Thrones» fjerde sesong er over, serien kjem ikkje attende før i 2015, og det gjer oss triste.

Då er det jommen flaks at internett finst, og at menneska som bur der kan supplere oss med fanstoff resten av året (av og til ved hjelp av George R.R. Martin sjølv).

Dagens vitamin G, O og T kjem frå Steve Love som eigenhendig kunne ha satt opp eit teaterstykke med ein del av figurane frå tv-serien. Eventuelt, så er han den slitne fyren i hjørnet på kvar einaste fest.

Hadde me levd i ei meir sivilisert tid, så kunne han sikkert ha komt langt i UKM med dette vesle showet:

Tyrion og Varys var best, var dei ikkje?

Forresten, om du føler for ein ekstra dose Internett og Blandet, så har sjølvsagt Steve også laga «Game of Thrones» slik det hadde vore dersom gutta i «South Park» hadde satt opp eit teaterstykke basert på serien.

Cartman er kong Joffrey. Sjølvsagt.