Folkefinansieringsnettstedet Kickstarter er ei gullgruve for skaparar med gode idear – eller skaparar som gjorde noko bra på 80- og 90-talet.

Kreatørar av filmar, tv-seriar, spel, dingsebomsar, musikk, og andre interessante ting kan spørje etter ein pengesum, og folk kan støtte dei med så mykje pengar dei har lyst til – 5 dollar gir deg ein internett-high-five, 30 dollar gir deg kanskje eit eksemplar, og 10 000 dollar kan gi deg ein tur til produksjonskontoret og middag med sjefen.

Her i Noreg har me kunna støtte alle prosjekta me vil, men hittil har det ikkje vore mogeleg å starte prosjekt herfrå, det har krevd juridisk tilvære i ulike engelskspråklige land (og Nederland). No opnar derimot Kickstarter for å starte prosjekt i Skandinavia og Irland i tillegg – frå den 21. oktober.

Kan dette være noe for «den neste Tommy Wirkola»?
Kan dette være noe for «den neste Tommy Wirkola»?

– Fire land med utrulege kulturelle historier og kreative befolkningar. Frå LEGO til Røyksopp til «Sjunda Inseglet» til James Joyce, desse landa har bidrege med utrulege ting til verda vår, skriv Kickstarter i ei pressemelding.

At Irland tydelegvis ikkje har gjort noko kulturelt interessant sidan 1900-talsforfattaren Joyce får stå for Kickstarter si rekning – vi på Filter har iallfall sett kjempekule «The Guard» – men dette opnar likevel vel kanskje for interessante ting her til lands.

Misforstå meg rett – det er mykje kult og norsk på liknande stader som Indiegogo, som har vore opent for heilnorske prosjekt lenge, men Kickstarter er verdas største nettstad som dette. I løpet av 2013 lova Kickstarter-brukarar bort 2,76 milliardar kroner.

For tida vert prosjektrekorden holdt av eit selskap som hadde som mål å lage verdas kulaste kjølebag – litt lenger ned på lista kjem fanfavorittar som «Veronica Mars»-filmen – endå lenger ned finn me blant anna Zach Braffs åndelege «Garden State»-oppfølgjar.

Den heilt store forskjellen vil me kanskje ikkje få sett i norskopphavlege, internasjonalt retta prosjekt. Spelselskap som Red Thread Games og Krillbite opna kickstarters sjølv utan dette – og fekk inn sine pengar utan større problem.

Zach Braffs «Wish I was Here»-prosjekt fekk inn alle pengene de spurte om – men også mye kritikk.
Zach Braffs «Wish I was Here»-prosjekt fekk inn alle pengene de spurte om – men også mye kritikk.

Men kanskje dette kan gjere mindre, norske prosjekt mogelege? Me har vore i kontakt med diverse norske kreatørar som no tenkjer på saka.

Det største hinderet som vart nemnd der er at fraktprisane i Noreg er så høge at trykking og utsending av «fysiske kopiar» – som gjerne er rosinen i pølsa for ein liten handfull pengar – kan bli særs dyrt.

Med andre ord: om du har eit kult manus, ein god spelidé, eller ein prototype – kombinert med gjennomføringsevne – så vil det no altså bli lettare å legge seg til lista over norske Kickstarter-prosjekt. Som Kickstarter sjølv svarar på spørsmålet om kven som kan lage eit prosjekt:

– Nesten kven som helst!

Skjermskot 2014-09-16 kl. 10.35.13