Etter karismatiske – og kanskje litt overdrivne? – roller som skurk i både «No Country for Old Men»,«Skyfall» og «The Counselor» er Javier Bardem no i samtalar om skurkerolla i den komande «Pirates of the Caribbean»-filmen, ifølgje Variety.

Christoph Waltz skal ha vore aktuell for rolla tidlegare, som Variety og andre beskriver som ein «spøkelseskaptein hemnlysten på Sparrow for brorens død – og er på jakt etter eit overnaturleg objekt som hjelp». Tør me gjette at han kjem til å ha merkeleg hår og eit fårete glis?

Det teikner seg eit kjennemerke for Javier Bardems skurkeroller.
Det teikner seg eit kjennemerke for Javier Bardems skurkeroller.

Den femte «Pirates of the Caribbean»-filmen skal starte innspeling i Australia i januar neste år, og dei norske regissørane Joachim Rønning og Espen Sandberg leiter framleis etter skodespelarar til å fylle ut rollegalleriet.

Ifølgje Slashfilm er dei på jakt etter ei kvinneleg heks, som Jack Sparrows «love interest», medan THR refererar til ei ufylt rolle som «ung mann» – av typen Orlando Bloom hadde i dei tre første filmane.

«Pirates of the Caribbean 5» siktar mest sannsynleg for premiere sumaren 2017.