– Eg er vel veslebror til Vegard og Bård, og generelt ein fet fyr? seier Bjarte Ylvisåker (25) til Filter.

Den nyaste av Ylvis‘ singlar omhandlar den tredje, mindre kjende, Ylvis-broren. I låta «I will never be a star» syng han om korleis det er å vere i skuggen av sine to kjendis-brødre:

– Kor mykje som er fakta og fiksjon er jo litt vanskeleg å seie slik sett.

For tida bur han i USA – rett nok for å ta helikopterpilotutdanning, ikkje for å bli ei stor stjerne. Kanskje får han etter hvert selskap, hvis det blir noe av planene om amerikansk tv-serie? Ideen til låta kom jula i fjor – og den hadde si premiere på Ylvis i Oslo Spektrum i februar i år.

– Me sat hjå foreldra mine og åt middag i jula, så spør Vegard om eg kunne ha tenkt meg å gjere noko til showet i Spektrum. Det var ei morosam greie i den settingen, men det balla på seg, seier Ylvisåker.

– Me merka at det var noko som kunne bli veldig morosamt!

Den yngre Ylvisåker er ikkje heilt ukjend i rampelyset, som 13-åring spela han sonen til Dagfinn Lyngbøs hovudkarakter i «I blanke messingen» på Den Nationale Scene i Bergen. At videoen i skrivande stund har blitt sett over 150 000 tek han med stor ro.

– Det er faktisk veldig behageleg. Eg har eit relativt greit forhold til det der, og blir ikkje spesielt nervøs. Det var gøy å sjå!

ylvis1

Som nettfenomen flest har også Ylvis-brørne ein aktiv fanskare, spesielt etter fleire tv-opptredenar i USA i fjor.

Nettstaden Tumblr.com kan til dømes skilte med brukarar som fuckyeahylvis, ylvisawesomeness, og yummyylvis – alle aktive delarar av gif-animasjonar, innrømmingar, og heidringar av tv-programmet og Youtube-videoane – og også med fleire referanser til Bjarte. Bjarte… kjenner til dette.

– No veit eg ikkje korvidt Vegard og Bård er klar over Tumblr, men eg kan seie at det er ein fascinerande stad med fascinerande menneske, seier han.

Og sidan Tumblr stiller spørsmål som dette, så måtte eg jo sjekke:

ylvis2

– Nei, eg oppsøker ingenting slikt der.

LES OGSÅ: