Peter Jacksons «Hobbiten»-trilogi er – om ikkje anna – storslått. Sidan desember 2012 har dei to første filmane dominert kinomarknaden rundt juletider, og den tredje i serien treff lerretet den 10. desember i år.

I eit finansielt dokument posta denne månaden opplysast produksjonsbudsjettet for alle filmane – som vart spelt inn på rad – fram til åtte månader før siste premiere å vere 4,8 milliardar kroner, melder Associated Press.

«Ringenes Herre»-trilogien kosta til samanlikning «berre» 2,2 milliardar totalt.

Det gjer «Hobbiten»-produksjonen til den absolutt dyraste samla produksjonen i verda – sjølv med åtte månader igjen på etterproduksjonen – sidan filminga stansa i juli i år. Det er også utan marknadsbudsjett, som gjennomstnittleg på Hollywood-filmar fort kan nå halvparten av produksjonsbudsjettet.

Dette inkluderar omlag 788 millionar kroner frå newzealandske skattebetalarar gjennom den eksisterande insentivavtala, nytta for å lokke utanlandske filmproduksjonar til landet (ei ordning det no vert arbeidd med å få innført her til lands).

Warner Bros ynskja ikkje å kommentere budsjettet til Associated Press.

Ingen av filmane ser dog ut til å bli dyrast åleineståande. Den rekorden held framleis «Pirates of the Caribbean: At World’s End» – den tredje i rekkja – med anslått rundt 2 milliardar kroner samla.

Jack Sparrow held framleis pengerekorden for einskildfilmar.
Jack Sparrow held framleis pengerekorden for einskildfilmar.

Den femte piratfilmen, av «Kon-Tiki»-regissørane Joachim Rønning og Espen Sandberg får ikkje det same størrelsesmonnet etter å ha blitt utsatt for å kutte 300 millionar av budsjettet.

Men «Hobbiten»-serien går nok i pluss likevel – dei to første filmane er anslått å ha spelt inn over 13 milliardar kroner på verdsbasis berre på kino, ifølgje Box Office Mojo – og det er venta at den tredje vil klare noko tilsvarande.

«Hobbiten: Femhærersslaget» får norsk premiere den 10. desember.