«The Mortal Instruments», ein av dei mange filmane som oppstod i kjølvatnet av «Harry Potter» og «Twilight»-suksessane, vart ikkje den pengemaskina som studioet håpa på.

Dermed vart oppfølgjaren til Harald Zwart-filmen først utsatt, før den i oktober i fjor vart gjenopplivna på generell basis. No vil Constantin Films i staden lage tv-serie av demonjeger-bøkene:

– Det er meir logisk å gjere bøkene som ein tv-serie. Det var så mykje frå boka me måtte utelate frå «Mortal Instruments»-filmen. I serien kan me gå djupare, og utforske verda i større detalj og djupn, seier Constantin-sjef Martin Moszkowicz ifølgje Variety.

Historia omhandlar ei ung kvinne som får vite at ho er ein av få skuggejegarar, mennesker med englekvalitetar som er meint til å jakte på onde krefter som trugar den vanlege verda. Bøkene byrja faktisk som ein «Harry Potter»-fan fiction, men forfattar Cassandra Clare utvikla dei vidare til sin eigen serie – med mykje direkte inspirasjon frå blant anna «Buffy».

Etter å ha brukt rundt 120 millionar dollar på den første filmen – halvparten på produksjon, halvparten på marknadsføring – men «berre» tent inn i underkant av 100 millionar på kino, vart filmen utsatt i september i fjor, før studioet så sa at dei ville «reposisjonere seg i marknaden».

Det satte ein liten støkk i den delen av filmmarknaden som allereie hadde satsa mykje pengar på ulike lettare dystopiske prosjekt med kvinneleg hovudrolle – produksjonen på filmen «Queen of the Tearling» vart blant anna knytta til «Harry Potter»-stjerna Emma Watson før boka den var basert på i det heile teke hadde kome ut.

Zwart fekk først grønt lys for «Mortal Instruments»-oppfølgjaren, men det seiast ingenting om han skal ha noko med tv-serien å gjere. Det er Ed Decter («Helix», «The Client List») som har fått jobben som showrunner.

TV-serien har verken skodespelarar eller tv-kanal heilt enno – men Constantin Films melder at dei ynskjer å starte produksjon til neste år. I same slengen annonserte dei planar om å utvikle «Resident Evil» og «Parfyme: Historien om en morder» som tv-prosjekt.