Steven Spielberg er i gang med førproduksjonen på sin versjon av Roald Dahl-boka «SVK» – Stor Venleg Kjempe – hvis tittelfigur no er bekrefta å vere Mark Rylance, best kjend frå den britiske teaterscena.

– Som eg såg på scena er Mark Rylance ein transformativ skodespelar. Eg er spent og kjempeglad for at Mark vil bli med oss på denne turen til Kjempeland, seier Spielberg i ei pressemelding (via Time).

Barneboka frå 1982 handlar om foreldrelause Sophie – oppkalt etter Roald Dahls barnebarn – som blir plukka opp ein kjempe, og ført til hans heimstad, Kjempeland. Der finn ho ut at han er den einaste venlege kjempen i verda – som arbeider under strengt hemmelege forhold for å føre gode draumar til alle barn.

Historia er tidlegare filmatisert i 1989, då som ein teiknefilm:

Rylance er best kjend for fleire Shakespeare-tolkingar, men har også spelt i TV og film – blant anna «Intimacy» og «Søstrene Boleyn». Kven som skal spele Sophie er enno ikkje kjend, men det dukkar nok opp i nær framtid.

Manuset er av Melissa Mathison, som også skreiv manuset til ein av Spielbergs 80-talssuksessar, «E.T.». Steven Spielberg takka ja til å lage denne filmen tidlegare i år, med krav om at han først måtte få lov til å lage ferdig ein spionfilm med Tom Hanks først.

«St. James Place» handlar om U-2-krisa, om då eit spionfly frå Pakistan til Noreg vart skoten ned over Sovjet på 60-talet.

«SVK» skal dermed starte produksjonen til neste år, og er planlagd for premiere ein gong i 2016.