Når Hollywood saksøker, så saksøker dei på ordentleg.

Skodespelar Frank Sivero, best kjend for roller som italiensk-amerikansk mafiamedlem i «Goodfellas», har tatt hardt i og saksøker Fox og tv-serien «The Simpsons» for 1,6 milliardar kroner.

Årsaken? Han meiner mafiafiguren Louie – ein av Fat Tony sine torpedoar – er heilt og haldent kopiert frå hans eigenutvikla figurar – Frankie Carbone i «Goodfellas», skriver Deadline.

I eit veldig detaljert søksmål beskriver han korleis han budde i same hus som manusforfattarane rundt 1989, då «Goodfellas» var under utvikling og «The Simpsons» starta. Året etter dukka Louie opp.

– Forsvararane har utvaska verdien til figuren skapt av anklagar, og har bidratt til typecastinga av anklagaren, står det i søksmålet, som ellers maler eit lite heldig bilete av produsentane og manusforfattarane bak «The Simpsons».

Det kan kanskje verke litt småleg – spesielt med tanke på den store summen, såpass mange år etterpå – men i det store og heile verkar dette som det kokar ned til at Sivero har blitt lova av produsent James Brooks å gjere noko i samanheng med «The Simpsons», noko som då tydeleg aldri har hendt.

– Dei tenkte aldri å lage ein film med Sivero, og dei studerte han kun vidare for figuren Louie, påstås det i søksmålet.

På den andre sida, for nokre månader sidan saksøkte han også ein restaurant som kalte opp eit smørbrød etter Carbone-figuren.

Kanskje han har fått ein ny hobby?