Om eg skal nevne ein god ting som kom ut av «Indiana Jones & The Kingdom of the Crystal Skull», så må det vere uttrykket «nuking the fridge». Som den moderne versjonen av «jumping the shark», vart det ei av beteikningane på kvifor den siste Indiana Jones-filmen ikkje var heilt det store (sånn ved sidan av lianesvinginga til Shia LeBoeuf).

I ei scene der Indiana Jones befinn seg like ved ei atomprøvesprenging, finn han skjul i eit blyfora kjøleskap og overlever difor både varmen, trykket og fallet etter eksplosjonen.

For så vidt ikkje den einaste urealistiske scena i Indiana Jones-universet (treng eg å minne deg på gummibåtlandinga i «Temple of Doom»?), men når ein finn ut at Lucas meinar den er truverdig, kjenner eg fanboy-muskelen rykke.

I eit langt og godt intervju som New York Times nyleg gjorde over George Lucas sitt liv og virke kjem det blant anna fram at Spielberg ikkje ville ha den scena i filmen — noko som har blitt framstilt tidlegare — men at George Lucas overbeviste han om å ta den med.

Som svar på Spielbergs skepsis satte Lucas saman ei «nuking the fridge»-mappe som var omtrent 15 centimeter tjukk. Lucas sa at dersom kjøleskapsdøra var blyfora, og om Indy ikkje knakk nakken då skapet falt til jorda, og om han fekk opp døra, så kunne han faktisk overleve.

— Oddsen for å overleve kjøleskapet — i følgje mange vitskapsmenn — er omtrent 50-50, seier Lucas i intervjuet.

50-50 er kanskje litt i overkant på overlevelsesrate, spør du meg, men kanskje Lucas kjenner mange optimistiske vitskapsmenn?

I intervuet vart det óg fokusert på «Red Tails», den komande filmen til Lucas, og kva han skal gjere etter den er ferdig. Filmen omhandlar «The Tuskagee Airmen», ei gruppe afro-amerikanske jagarflypilotar som under andre verdskrig måtte kjempe mot både fienden sine mål, og rasismen i det amerikanske flyvåpenet.

Lucas prøvde lenge å få filmen finansiert, men det visar seg at Hollywood framleis ikkje er interessert i filmar fullstendig utan kvite heltar. Difor har han betalt heile filmen av eigne pengar, fordi han meiner den fortjener å bli vist. Etter det har han like vel hatt problemer med å finne en distributør. Nyleg vart det sluppe ein 7 minutter lang forkikk til filmen:

Som den første filmen sidan 1994 som ikkje er Star Wars– eller Indiana Jones-basert, vil Lucas avslutte med «Red Tails» før han returnerar til dei mindre filmane igjen.

— Når denne filmen er over, har han gjort alt han vil gjøre. Da har han fullført sitt mandat som menneske… og filmskaper, seier hans faste produsent og venn, Rick McCallum.

Så gjenstår det å sjå om George Lucas held det han lover eller ikkje.