«Game of Thrones» er eit enormt univers, fylt av frykteleg mange stader og endå fleire personar. Som kroneksempel: Der dei fleste bokseriar har éin eller kanskje eit par forteljarfigurar, har heile «A song og ice and fire» hittil 31, og i dei fem første bøkene er det over 1200 namngitte figurar.

Dette fører sjølvsagt til at ikkje alt kan forteljast i like utstrakt detalj. Difor gir forfattar George R.R. Martin no ut ei bok med bakgrunnshistorie.

– Det blei større enn eg hadde tenkt. Eg startar ting som eg trur ikkje kjem til å ta så lang tid, og så veks og veks dei, seier Martin til Sydney Morning Herald – i ei setning som fleire bokfans kanskje vil kjenne att.

Ifølgje han sjølv omfattar «The World of Ice & Fire: The Untold History of Westeros and the Game of Thrones» ting han hadde skrive frå før som bakgrunnsmateriale, ny historie om fleire av landa, og anna informasjon som kan vere artig for fansen.

Utdrag frå The World of Ice and Fire.
Utdrag frå The World of Ice and Fire.

Medforfattarar er drivarane bak fan-nettstaden Westeros.org – Elio M. Garcia Jr. og Linda Antonsson – som han påstår ofte hadde betre oversikt enn han sjølv:

– Dei viste nesten tvangsnevrotisk mykje kunnskap om verda mi. Faktisk, så måtte eg endre verda mi på grunn av den kunnskapen, seier han.

Tidlegare har Martin sagt at nokre av fansen allereie har gjetta den korrekte avslutninga på den planlagde siste, sjuande boka i serien. For tida skriv han på den sjette – men har også skrive fleire barnebøker, teikneserier og sidehistorier – i tillegg til fleire av episodane i tv-serien, som startar opp igjen i 2015, mest sannsynleg rundt april.

Forfattaren er 66 år gammal, men verkar ikkje å sakke akterut heilt enno. Til deg som spekulerar i om han kjem til å rekkje å skrive alle bøkene før han døyr, så hadde Martin noko å seie tidlegare i sumar:

– Fuck you!