Denne veka kjem «Guardians of the Galaxy» på kino, det hittil minst kjende superheltane til Marvel på lerretet.

Kort og greit, eg likte filmen godt – og synest det er eit knallfint bidrag til blockbustersumaren – der «Transformers 4» strengt talt berre var for lang.

Men til det viktige: her kjem nokre tankar om filmen – om kva Marvel har gjort, og kvar Marvel vil med dette i framtida.

1. Her kjem dei ukjende!

Rekk opp handa alle som hadde høyrd om «Guardians of the Galaxy» før nyheita om filmen dukka opp i 2012! Ikkje så mange, nei.

Den jordbortførte Peter Quill/Star-Lord (Chris Pratt) er sjefen for det merkelege laget beståande av ei skurkeadoptert mordmaskin ved namn Gamora (Zoe Saldana), den hemngjerrige muskelbunten Drax (Dave Bautista), og den dynamiske duoen Rocket (Brandon Cooper) og Groot (Vin Diesel) – ein snakkande vaskebjørn og eit levande tre.

I prinsippet er voktarane eit uskrive blad for Marvel. Lagnamnet har si opprinning frå 60-talet, men denne gjengen – omtrent slik dei er på filmen – oppstod i teikneserieform i 2008. Denne har betrakteleg mindre bakhistorie enn nokre av dei andre filmheltane, som gjer det mogeleg for Marvel-filmane å flytte retninga dit dei vil.

Guardians_GroupKey_01d_Brighter2-960x418
Tidleg konseptkunst for filmen.

Og endringane går alle vegar. Etter at designen for film-Star-Lord var klart har teikneserieversjonen apa etter – og liknar stadig på Chris Pratt sin figur.

Klart, Marvel-filmane har aldri holdt seg like strengt til gamle klassiske teikneseriar som det, men dess mindre forhistorie ein figur har – dess meir kan dei leike seg utan press frå nostalgiske teikneseriefans og tryggheitssøkjande studiohovud.

For å setje det litt i perspektiv: I 2007 synest Marvel at «Iron Man» var å rekne som rein gambling, med ein fallert Robert Downey Jr. i hovudrolla, og ein såpass ukjend superhelt – iallfall for massene – til heile 140 millionar dollar.

10 filmar seinare er budsjettet for «Guardians of the Galaxy» heile 170 millionar kroner – langt frå den største til Marvel Studios, men framleis ei stor investering i hittil ukjende univers.

2. Eit nytt univers (bokstaveleg talt)

Sidan 2008 har Marvel nytta rulleteksten på sine superheltfilmar til å tease sine komande namn. Det var slik Samuel L. Jacksons Nick Fury viste seg første gang – ved å hinte til «Avengers»-initiativet – noko som la grunnlaget for det me i dag kjenner som verdas mest-inntenande filmfranchise.

Eg skal ikkje avsløre kva som hender i rulletekstscena på «Guardians of the Galaxy», men eg kan avsløre at på ingen måte peikar framover i retninga ein trur når det gjeld Marvels teikneserieunivers.

Dette kan tyde på at Marvel ynskjer å halde sine kosmiske superheltar litt fråskilt frå Avengers-gjengen. To ulike univers som dette kan godt gå side om side, og kan kanskje opne litt meir for andre mindre namn – «Guardians» er allereie småfigurar samanlikna med «Avengers» og å blande dei for raskt kan føre til litt vél mange samankomstar.

avengers
«Avengers» kjem framleis til å vere storebrødre.

Like fullt, superprodusent Kevin Feige – Marvels eigen all-Fader (litt meir om det seinare) – har sagt at dei kjem til å krysse retningane før eller seinare.

– Ein del av moroa med teikneserier er at det kan skje. Alle figurar kan samhandle med alle figurar fordi dei er i same tidsperioden eller det same universet. Eg veit ikkje når det vil skje, sa han til IGN.

– Eller kanskje eg veit det, og eg berre ikkje vil fortelje det til deg!

Forresten, om du absolutt vil vite kven som dukkar opp i avslutningsscena, så kan du klikke deg inn på denne sida – dei har nemleg «gjetta» rett – og eg kan avsløre at regissør James Gunn er ein stor fan av figuren.

Gunn er sanneleg ein artig skrue.

3. Regissører får vise stemmene sine

Og apropos artige skruar i regissørstolane. Dette er kanskje den Marvel-filmen med den klaraste stemma hittil.

James Gunn har gått gradane frå å lage merkelege historier for trash-selskapet Troma, til å skrive manuset til «Scooby Doo», til å lage skrekkfilmen «Slither» før han i 2010 laga superheltparodien «Super».

Reint visuelt er det sjølvsagt gigantiske Marvel og det enorme produksjonsapparatet som styrer – me vil aldri få noko som plutseleg framstår som fisk på land, som ein Tim Burton-figur i Wes Anderson-land.

Men humoren, manuset og figurane er umiskjenneleg James Gunnsk. Men til det betre denne gongen, der Shakespeare-kjennar Kenneth Branagh kanskje skapte litt vél mykje «staffasje framfor storslåtte kulisser» i «Thor» er det ei fin balanse i «Guardians of the Galaxy».

thor2
Kva var det du kalte regissøren min, sa du?!

Det gir meg håp for «Ant-Man» som nyleg skilte lag med initiativtakar og regissør Edgar Wright – ein anna merkeleg skrue med ei klar stemme. «Kreative forskjeller» var årsaken til at Peyton Reed tok over.

Mange har frykta at den smårare «Ant-Man» no ville bli strigla og glatta ut, og at Reed skulle bli overstyrt frå studioet – trass produsent Kevin Feiges lovnadar om at alt skal gå bra.

– Det er framleis veldig i ånden med den opprinnelege pitchen til Edgar, og heile malen til filmen er det Edgar opphaveleg kom og fortalte oss om for åtte år sidan. Men no er den på veg til å bli den beste versjonen som den filmen nokosinne kunne ha blitt, sa Feige i førre veke.

«Guardians of the Galaxy» har roa nervene mine litt – nettopp fordi den viser at småmerkelege regissørar kan være synlege, sjølv i det store Marvel-systemet.

4. Kevin Feige – Marvels hemmelege våpen

Lat oss – berre veldig kjapt – samanlikne James Gunn i 2013 med Peter Jackson i 1998. Han hadde nettopp blitt kopla på som regissør for ein gigantisk franchise han var fan av.

Femten år etter, lagar Jackson filmar som tilsynelatande han er åleine om å bestemme korleis skal vere – noko som har ført til at «Hobbit»-historiene er fylt til randen av det Jackson synest er gøy (som tydelegvis er «absolutt alt»).

Eg har for så vidt sansen for den første «Hobbit»-filmen, men til og med Bilbo ville ha sagt «for lite smør på ei for stor brødskive» om han nokosinne fekk sett dei to trilogiane om livet sitt – som avsluttast med «Femhærerslaget» rundt juletider i år.

Det Jackson manglar er ei stemme over seg som held alt i tømmene. I Marvels tilfelle har dei det. Dei har adoptert tv-modellen med ein showrunner, personen som held alt – også det kreative – i sjakk, hakket over regissørar, manusforfattarar og dei andre bak kameraet.

Superprodusent Kevin Feige, «Captain America»-regissør Joe Johnston og kapteinen sjølv, Chris Evans. (Foto: Ronald Woan, via Creative Commons: https://flic.kr/p/8p16j8 )
Superprodusent Kevin Feige, «Captain America»-regissør Joe Johnston og kapteinen sjølv, Chris Evans. (Foto: Ronald Woan, via Creative Commons: https://flic.kr/p/8p16j8 )

Kevin Feige si produsentkarriere starta med «X-Men» i 2000, fordi produsent Lauren Shuler Donner skjønte at han var ein enorm fan av Marvel-universet. Sidan det har han faktisk utelukkande arbeidd på superheltfilmar. Etter å ha hatt oversyn på «Spider-Man»-franchisen fekk han arbeid som produsent på Marvel-filmane, og vart i 2007 president i Marvel Studios.

Det å ha ein person som både har kjennskap til universet, kjennskap til Hollywood, og kjennskap til filmen har vore verdifullt for Marvel, og Feige er sentral i suksessen til superhelt-franchisen deira.

I februar i fjor fekk han ein pris av det amerikanske produsentlauget, med begrunninga:

Kevin Feiges forståing og verdsetjing av publisitet og promotering i en films suksess har ført til ei rekkje blockbuster-filmer frå Marvel-teikneseriane dei siste ti åra.

Og planen hans er å halde på til 2028 – minst.

5. Men det er framleis ein blockbuster…

Etter nokre år med eit par miserable storfilmar, som har skuffa både kritikarar og publikum (og alle derimellom), har «Dawn of the Planet of the Apes» blant enkelte – også her i Noreg – blitt framheva som «blockbusterens redning» – ein god kombinasjon av det breie og det gode, ein måte å få interessante historier tilbake i storsalane på.

Så langt vil eg kanskje ikkje strekke meg om «Guardians of the Galaxy». Den er tru til formlane, og bryt ikkje veldig ut av støypeforma til den klassiske heltehistoria, men når den gjer det er det med personlegdom og bravur – innimellom litt klumsete dramatiske scener.

«Guardians of the Galaxy» fungerar best når den er morosam og actionfylt – som er stort sett heile tida.

guardians1
Denne er – heldigvis – ikkje sensurert i filmen.

Me er for tida i Marvels «fase 2», som vil avsluttast med «Avengers 2: Age of Ultron» i 2015. Ein andre «Guardians of the Galaxy»-film er allereie i gang, og vil hoppe inn i «fase 3» – som startar med «Ant-Man» og er planlagd til ut 2019 – med premieredato den 28. juli 2017.

Det er for så vidt ein god ting for Disney at dei allereie har kjøpt opp «Star Wars» og er klare for å gi dei ut snart – om ikkje mistenkjer eg at Peter Quill kunne ha blitt ein ny generasjons Han Solo.

Og om «Star Wars»-gjengen ikkje ser på Groot for å finne ut korleis ein «irriterande sidekick» kan gjerast både morosam og interessant, så er eg redd me får fleire Jar Jar Binks-figurar i ei galakse langt, langt borte.

«Guardians of the Galaxy» har premiere fredag den 1. august.