Denne veka kjem «Gone Girl» på kino, David Finchers nyaste film – basert på Gillian Flynns roman med same namn. Som alltid er det stor forventning knytta til regissørens nyaste.

I bunn og grunn er filmen ein velfødd thriller, med veldig gode skodespelarvalg, og ei mørk og dyster klangbotn – slik Fincher plar skape. Kanskje er utsjånaden hakket meir polert enn nokre av hans meir stiliserte forteljingar – men det hindrar ikkje historia frå å vere godt skrudd saman.

Thrillerar kan vere vanskelege å skrive om utan å spoile noko – så det vesle av diskusjon om handling og figurar er samla i punkt fire. Hopp over det om du er var på slikt.

1. Fincher om forhold

Det sentrale i «Gone Girl» er forholdet mellom Nick (Ben Affleck) og Amy Dunne (Rosamund Pike) – to New York-skribentar som vert stormfullt forelska, og verkar å vere perfekte for kvarandre – som flyttar til hans heimstad i Missouri.

Då ektemannen på sin femårs bryllaupsdag ikkje finn Amy – følgjer historia så Nick vidare gjennom forsøket på å reinvaske eiget namn og rykte, veldig mykje peiker mot at han er ansvarleg for forsvinninga. I mediesirkuset som følgjer viser det seg at alle har noko å skjule – og at nokon er flinkare til det enn andre.

Som i «Se7en» er det eit ekteskap med ein tynnskrapt botn Fincher ynskjer å studere. Han er fascinert av figurar som ynskjer å leve eit vanleg liv, men som i prosessen med å kome dit set opp midlertidige fasadar – noko som ender med å bli evige løgner.

Mange av Finchers figurar har elska kvarandre høgt på eit tidspunkt, men fell raskt – ikkje alle perfekte forhold er meint til å vare for evig, og nærleik kan bli ei farefull felle. Som Pike sjølv sa ved verdspremiera til Los Angeles Times førre veke:

– For meg handlar filmen om intimitet, eigentleg – dei herlege sidene ved intimitet, og forræderiet ved intimitet.

– For meg er det skumlaste med ein mordar at det er nokon som bur like ved deg, sa Fincher til Esquire i 2007.

2. Jakta på verdas beste flyplassroman

David Fincher er glad i det storslåtte søppelet. Då han braut gjennom med hemndramaet «Se7en» var det med bibelske proporsjonar. Då han filmatiserte «Fight Club» var det ikkje berre unge, sinte menn han fokuserte på – men den sintaste unge mannen i bokform han kunne finne.

I jakta på å seie noko om det moderne internettet var det verdas største nettsamfunn – Facebook – han plukka på i «The Social Network». Når han no igjen omfamnar flyplasslitteraturen – den kjappe pocketboka du plukkar med deg i gatekiosken fordi du har sett den på ei forside ein eller anna stad – er det Gillian Flynns ord han adopterer, frå boka som på norsk heiter «Flink pike».

Litt på same måte som «Fight Club» har «Gone Girl» eit meta-lag som på sett og vis gjer narr av sjangeren og folka dei beskriv. Blir både Tyler Durden og Amy Dunne brukt av lesarane som representantar for noko dei kanskje ikkje er? Ja.

Felles for både Pahlaniuk-boka og Flynn-boka er at dei likevel har eit enormt driv medan dei dukkar under overflata i tema – «avmaskulinisert mann» mot «sterke kvinner» – som gjerne er prega av klisjear. Fincher har nok funne noko av den same fascinasjonen i båe originalverka.

Felles for mange av filmane til Fincher er Den Store Planen – og korleis planen utfoldar seg. Også i «Gone Girl» er dette ein viktig del. Og som flyplassromanar flest – denne prosessen er ein pageturner, i ei historie det er vanskeleg å legge frå seg.

gonegirl_glis

3. To og ein halv raske timar

Fincher har for lengst byrja å få friare tøyler enn enkelte andre i Hollywood – og på same måte som hans førre film, den amerikanske versjonen av «The Girl with the Dragon Tattoo» frå 2011, når «Gone Girl» ei lengd på omtrent 2,5 time.

Det er likevel eit eller anna med filmen som minner om ein tv-episode. Utan å heilt setje fingeren på det – kanskje er det rytmen og aktene, slik Fincher har påpeikt at manuset til «…Dragon Tattoo» gjekk i fem akter i staden for den klassiske tre-akts-strukturen filmar gjerne har.

Resultatet er eit hypnotisk thriller, som tek seg tid til ein litt roleg start før den set i gang eit enormt hardt driv mot slutten. Vekslande mellom Amys fortid og Nicks notid byggjast stadig spenninga opp mot kva som har hendt med Amy, og kven som står bak.

Trent Reznor frå Nine Inch Nails, og Atticus Ross står også her – som i «The Social Network» – bak filmmusikken. Mørke stemningsskapande synthar kjem best til sin rett i byrjinga av filmen og i rolege spenningsscener – men blir litt anmassande i scener der sjåaren skal skjøne at det er noko galt som lurar under overflata.

Dette er kanskje ikkje Finchers beste film – men det er kjapt blant både Affleck og Pikes beste rolleprestasjonar.

Samarbeidet mellom Flynn og Fincher gjer til at eg er veldig spent på deira komande thrillerserie for HBO, ein amerikansk versjon av Channel 4-serien «Utopia».

Rosamund Pike i «Gone Girl».
Rosamund Pike i «Gone Girl».

4. Rosamund Pike og kvinnesyn

SPOILERS: Her byrjer det å bli vanskeleg, så om du ikkje vil vite kva som hender i filmen – hopp direkte til punkt 5.

Lat oss starte med dette: Veldig få av karakterane i «Gone Girl» er gode personar – og især ikkje nokre av hovudfigurane.

Likevel er kvinneskildringane noko av det forfattar Gillian Flynn har fått mest kritikk for i boka – eit tema som nok vil dukke opp i beskrivingane av filmen også, som ho har skrive manuset for.

– Målet mitt er å få ektefolk til å sjå spørjande på kvarandre, seier forfattaren til Guardian – og hevdar at det finst for få kvinner i litteraturen som er pragmatiske skurkar.

– Eg skriver ikkje «psycho bitches». «The psycho bitch» er berre gal – ho har ikkje noko motiv, så difor er ho lett å forbigå på grunn av si «psycho-bitchiness».

Rosamund Pike er briljant som Amy, den lynande intelligente kvinna som iscenesetter seg sjølv. Vel er mange av figurane i filmen godt casta utanfor sine vanlege roller – komikaren Neil Patrick Harris er ikkje det minste morosam, og «komikaren» Tyler Perry er overraskande morosam – men det er Pike som bærer filmen.

Især i sine tilbakeblikk er ho giftig – og i det som først opplevast som ei nesten parodisk kraftig forteljarstemme, fell etter kvart sterkt inn i filmens forteljarunivers.

Boka er kutta litt ned, nokre figurar er borte her og der, og ei skattejakt er gjort litt kortare – men ikkje mindre viktig.

Den einaste større forandringa eg finn er heilt mot slutten, men den er ikkje så kraftig som det har blitt hinta til tidlegare. I adapsjonen frå bok til filma historie stansar handlinga litt tidlegare enn romanen, og to planlagde bøker blitt til eit tv-intervju – utan at det påverkar i større grad.

_DSC9067.NEF

5. Kontrollér media, kontrollér folket

Ganske langt framme i forgrunnen lurar ei historie om konstruerte verkelegheiter. Amy er især god på dette, med foreldre som er forfattarar på ei suksessrik bokserie der dei i prinsippet har glorifisert hennar barndom. Ho gjer sjølv dette til ei viss grad i gjenforteljingar av sitt eiget forhold med Nick.

Fincher har fortalt at ein av grunnane til at han hyra inn nettopp Ben Affleck i hovudrolla er nettopp at skodespelaren har gått hovudstups inn i denne kvardagen før.

– Han veit korleis det er å bli jaga, sa han tidlegare i år.

Som tidlegare ektemann av Jennifer Lopez var Affleck i tabloidanes mest ettertrakta par rundt slutten av 90-talet. Og, ingen kan trylle fram eit avvæpnande smil med døde auger til som han – når han gliser for media i filmen er det noko attkjenneleg der inne ein stad.

Filmfiguren Ellen Abbott – ein sint parodi på kabel-tv-programleiarar som ynskjer å gjere tragedier til fesjå for alle. I kampen mot ho er ein advokat som nærast verkar å vere sterkare på mediekontroll enn rettssaker. Igjen er Afflecks erfaring i mediebiletet ein viktig del av filmen.

– Han kjenner denne typen tap-tap-situasjonar, og skjønar kva som er artig med det – uansett kor trist det er, har Fincher sagt.

«Artig» kan kanskje verke som eit rart ord i ein mørk film som dette – men det ligg absolutt humor her. Det er lov til å le av måten det moderne samfunnet møter den tabloide sladderkulturen på, og av og til også undringa rundt forholdet mellom menn og kvinner.

«Gone Girl» har norsk kinopremiere den 3. oktober. Samtidig har den norske dokumentaren «Flink pike» premiere – pass på at du sjekker hvilken som er hvilken!