Halloween er ein fin sjanse til å kle seg ut som sine heltar frå popkulturen. I film-, tv-, og også frå spel- eller bokverda er det mykje inspirasjon om ein ynskjer å plukke idear til kule drakter.

Me har saumfart litt internett (som me har ein tendens til å gjere uansett), og plukka fram nokre flotte kostyme.

I år kom den Kickstarter-finansierte «Tommy & Tigern»-dokumentaren «Dear Mr. Watterson», som viste at sjølv om det er 20 år sidan noko nytt frå den kanten, så er Tommy og hans tøytiger-ven framleis minst like aktuell.

Men der det er veldig enkelt å kle seg i raudstripete genser og kortbukse og ta med seg ein leiketiger (eg har gjort det sjølv), så er det hakket kulare å kle seg som ein av bifigurane i serien – som til dømes ROMFARER SPIFF! – slik Reddit-brukaren PeterWracker har gjort.

Spaceman Spiff
Romfarer Spiff – av Reddit-brukaren PeterWracker

Pam frå «Archer» er ein attkjenneleg figur, iallfall for dei som har sett den herlege animerte serien. Ho er den smått gale HR-sjefen for spionorganisasjonen som Archer arbeider for, som tidlegare heitte ISIS.

Bridgette Wallace laga kostymet til Comic-Con, og har skrive meir om det på sin Tumblr-konto.

Pam frå «Archer», og delfinen hennar.
Pam frå «Archer», og delfinen hennar.

«Guardians of the Galaxy» er fullt av utomjordiske idear å plukke frå, men likevel er det trekjempen Groot som nok har blitt kopiert mest. Kanskje er det fordi pinnar trass alt er stort sett gratis, kanskje er det fordi resten av kostyma frå filmen ser ut til å krevje litt meir arbeid?

Du kan sjå heile prosessen bak Tylernator sitt Groot-kostyme for 50 dollar her. Kva ventar du på? Gå ut og hent pinnar!

Groot-kostyme!
Groot-kostyme!

Det er vanskeleg å «La den gå». «Frozen» er den mestinntenande animasjonsfilmen nokosinne, og er nok eit godt valg for dei kjoleinteresserte av oss.

To systre har laga kostymer for Anna og Elsa – rett nok ikkje spesiallaga for Halloween (men så er cosplay rett nok Halloween heile året) – men framleis inspirerande godt laga, og veldig gode representasjonar av figurane frå Disney-filmen.

Elsa og Anna frå «Frozen».
Elsa og Anna frå «Frozen».

Som om det ikkje allereie var nok, her syng dei… den sangen til ei gruppe barnehagebarn.

«Lego-filmen» var ei herleg nostalgitripp inn i plastleikenes historie – som samtidig var ein veldig artig, trass formelbasert, film for alle. Det likte ein gut veldig godt, så faren hans satte i gang med å lage eit flott kostyme basert på filmens hovudperson, Emmett.

Han har også lagt ut ei fullstendig bruksanvisning på korleis du kan lage eit liknande kostyme. Sjølv om det kanskje er litt lite tid igjen til i kveld, så har du god tid til neste år – når det kjem både «Lego Batman»-film, og diverse andre nye tilskot til dei klossete heltane.

Emmet frå «Lego-filmen».
Emmet frå «Lego-filmen».

Her er forresten ein av redaksjonens favoritter frå tv – Halloween-episoden frå «Freaks & Geeks». Fritt for å vere Groucho Marx!

Har du eit kult Halloween-kostyme? Legg gjerne eit bilete i kommentarfeltet!