Kva handlar «Gremlins» eigentleg om?

Regissør og manusforfattar Justin Simien vakte mykje oppsikt på årets Sundance-festival med sin «Dear White People», ein film som på satirisk vis ynskjer å forklare «raserelasjonar i Obamas tid».

No er filmens første teasertrailer offentleggjort, og den klarar faktisk å fengje interesse – sjølv utan å forklare heile filmens gang.

Forresten, Simien fortalte nyleg på ei visning (ifølgje Variety) dette:

– It’s OK to laugh.

Jaja, då veit du det!

Utgangspunktet er ei gruppe afroamerikanske ungdommar på eit amerikansk universitet hovudsakleg beståande av kvite studentar – og korleis dei reagerar på verda rundt seg. Blant hovudrollene finn ein Tyler James Williams, best kjend frå Chris Rock-tv-serien «Everybody Hates Chris».

Filmen vann prisen for juryprisen for Best Breakthrough Talent under Sundance, og Simien dukka òg opp på bransjebladet Variety si årsliste over 10 unge regissørar å følgje med på.

Tidlegare har han utvikla ein webserie med utgangspunkt i diverse sosiale media, under namnet «INST MSGS» – deriblant denne, med historier frå Craigslist – den amerikanske lågterskel-krysninga av Finn.no og Sukker.no.

Filmen har førebels kun festivalvisningar i USA men er planlagd for premiere i oktober. Det ville vel overraske om den får norsk kinovisning, så sjå fram til å importere den til heimekinoen om eit år!