Dei første bileta av «Terminator: Genisys» – som leiker med tidslinjene frå dei gamle filmane
Me kan bli litt forvirra av tidslinjene alle som ein, men me er ganske sikkert på at den komande «Terminator»-filmen «Genisys» er den femte i rekkja.
Arnold Schwarzenegger er attende (også i omtrent alt anna han spelte på 80-talet), og med seg på laget har han blant andre Emilia Clarke og Jason Clarke (ikkje i slekt), som henhaldsvis Sarah Connor og John Connor (i slekt).
I denne vekas Entertainment Weekly er det – i tillegg til store, flotte bileter – ei beskriving av handlinga i den komande filmen.
Mykje er nemleg forandra sidan 1984, Sarah Connor er ikkje den ho var i T1 og T2:
– I staden vart menneskeheitas mor foreldrelaus av ein Terminator då ho var 9. Sidan då har ho blitt oppfostra av (gjer deg klar) Schwarzenegger-Terminatoren – ein eldre T-800 som ho kallar «Pops» – som er programmert til å beskytte heller enn drepe. Som resultat av dette er Sarah ein godt trent antisosial einstøing som er fantastisk med ei snikskytterrifle, men ikkje så flink med nyansane i menneskelege kjensler.
Dermed er ganske mykje forandra sidan dei fire førre filmane. «Genisys» er trass alt ein reboot, og leiker seg slik med tidslinjene i ein serie som alltid har handla om tidsreiser. Så gjenstår det berre å sjå om manusforfattarane Patrick Lussier og Laeta Kalogridis klarar å sy dette saman.
Planen er at denne filmen skal bli eit springbrett for ein ny «Terminator»-trilogi fram til 2019 – då rettigheitene går attende til James Cameron. Om ikkje så kan kanskje denne operaversjonen av «Terminator 2» vere ein anna idé å gå ut frå:
Regi er ved Alan Taylor («Game of Thrones», «Thor: The Dark World»), Jai Courtney («Spartacus: Blood and Sand») og Matt Smith («Doctor Who») har andre roller i filmen.
Apropos tidsreiser, Matt Smith har ei rolle som ein hittil mystisk, tidsreisande figur – fantasien treng vel ikkje løpe løpsk for at den første me tenkjer på er hovudpersonen i «Doctor Who».
«Terminator: Genisys» får norsk premiere den 10. juli 2015.