Ben Affleck storma tilbake i rampelyset med regi-Oscar for «Argo» i fjor etter nokre litt mindre thrillerfilmar – og det var sjølvsagt ikkje mindre av at han tidlegare i år fekk rolla som Batman i den komande «Man of Steel»-oppfølgjaren.

Men før den tid, dukkar han opp i David Finchers komande «Gone Girl», basert på Gillian Flynn si bok med same namn. Historia omhandlar ein mann som blir mistenkt av omverda etter at kona hans vert funnen død. Regissøren meiner at Affleck hadde eit spesielt godt grunnlag for denne rolla.

– Han veit korleis det er å bli jaga, seier Fincher til Entertainment Weekly.

Han viser til Afflecks kjennskap til tabloidene, blant anna gjennom hans tidlegare ekteskap med Jennifer Lopez – eller «Bennifer» om du vil.

– Det var ikkje noko eg trong å gjere mykje research for, seier Affleck.

– Eg veit korleis det er å vere i augene til den tabloide verda, som plastrar negative meiningar til kva enn eg gjer. Eg veit korleis det er å få rolla i ein såpeopera eg ikkje har kontrollen på.

Det sentrale i historia er nettopp om rollefiguren hans er skuldig eller ikkje – noko media grev seg djupt inn i. I intervjuet trekk Fincher fram at dei trengde ein allsidig type for å få fram denne tosidigheita.

– Me trengde ein som kunne vere sjarmerande, forførande, ein damenes mann, ein guttegutt, ein sossegutt. Men det aller viktigaste var nokon som hadde kjennskap og erfaring frå den typen situasjonar. Å ha Ben Affleck er å ha ein mann som veit dette. Han kjenner denne typen tap-tap-situasjonar, og skjønar kva som er artig med det – uansett kor trist det er.

«Gone Girl» får noregspremiere den 3. oktober. Saman med Affleck spelar også blant anna Rosamund Pike, Scoot McNairy, Neil Patrick Harris og Tyler Perry. Finchers førre film var «Girl with the dragon tattoo» i 2011.