Me har fatta interesse for «Birdman» ei stund no. For det første er premisset artig – ein avdanka skodespelar, tidlegare kjend for å spele ein superhelt på film, som må halde livet sitt i tømmene medan han førebur seg på å spele i eit Broadway-stykke.

For det andre er det Michael Keaton, smått avdanka og tidlegare kjend for å spele ein superhelt på film («Batman», altså), som speler hovudrolla – noko som, i tillegg til at Keaton er ein kul skodespelar, gir «Birdman» ein interessant metakontekst.

For det tredje er det Alejandro Gonzalez Iñárritu som regisserer og skriv manus, mannen bak «Biutiful», «Babel» og «Elskede kjøtere». Og på filmfestivalen i Venezia var det store forventningar knytt til opningsfilmen «Birdman», som verkar å ha blitt oppfylt.

– Ein triumf på alle nivå, frå skodespelarval til gjennomføring, som vil gi ny gnist til industrien, fange både arthouse- og storfilm-fansen, sende prisvinnar-analytikarar i bane rundt jorda, og gje nye vengjer til Keaton si karriere, skriv Peter Debruge i Variety, som trekk fram kor nydeleg filmen ser ut.

Det er Emmanuel Lubezki som har filma «Birdman», og etter omtalane å døme er heile historia filma som om alt var i eit langt klipp. Apropos Lubezki, han filma også fjorårets Venezia-opningsfilm, «Gravity».

– Det er ikkje tilfeldig at den same kinematografen gjorde båe filmane, seier Todd McCarthy i THR.

– Kontrollen over sceneovergangane tek pusten frå deg, og med ein gong du sluttar å sjå etter teikn på kutt – når kameraet går gjennom fører eller inn ein mørk stad – kjem du inn i rytma til filmen.

Hovudrolleinnehavar er Keaton, som speler mot blant andre Edward Norton, Emma Stone, Zach Galifianakis, Andrea Riseborough og Naomi Watts. I motsetning til Iñárritu sine tidlegare filmar – som gjerne har vore av den tyngre, meir dramatiske arten, er dette i større grad ein morosam film.

«Birdman» viser hans tidlegare utappa kjelde av humor, manuset (som er skriven saman med Nicolás Giacobone, Alexander Dinelaris, og Armando Bo) viser ein bitande humoristiske sans, fullt av figurar som kan spøke sjølv når dei fell frå kvarandre, skriv Alonso Duralde i The Wrap.

Birdman, Michael Keaton.
Birdman, Michael Keaton.

Redigert: Men ikkje alle er like begeistra, blant anna Xan Brooks frå The Guardian gir den tre av fem stjerner, og meiner den – oppi briljant teknisk visuell framtoning – manglar sjel.

Om du ikkje heilt har fått hovudet rundt stemninga i filmen frå trailerar og anmeldingar, ta inn over deg dette tipset frå The Telegraph sin hovudanmeldar, Robbie Collin:

– Tenk «Black Swan», men regissert av Mel Brooks («Blazing Saddles», «Spaceballs») så er du i nærleiken, men berre så vidt.

Frå Venezia rapporterar Deadline at filmen fekk ei av dei beste mottakingane journalisten nokosinne hadde fått med seg på festivalen.

«Birdman» er for tida i festivalrunden, og får ordinær kinopremiere i USA i oktober. Til norske kinoar kjem filmen etter planen den 6. februar til neste år.