6. mai 2016 har vore ein omtalt dato for superheltfansen ei stund. Då skulle nemleg «Batman v Superman: Dawn of Justice» og «Captain America 3» møtast på kino – ifølgje Marvel/Disney og DC/Warner Bros sine kinoplanar.

Det har vore filmbransjens svar på Chicken, og mange har ventet på kven av dei to milliardbudsjettfilmane med nøyaktig den same målgruppa som kom til å svinge unna.

No viser det seg at det er Warner Bros som tek ein strategisk tilbaketrekning til den 25. mars, for å unngå direkte tvekamp. I same slengen slapp dei ei liste over sine komande DC Comics-relaterte filmdatoar fram til 2020 – ikkje ulikt det Marvel gjorde like før Comic Con.

  • August 5, 2016
  • June 23, 2017
  • November 17, 2017
  • November 23, 2018
  • July 27, 2018
  • April 5, 2019
  • June 14, 2019
  • April 3, 2020
  • June 19, 2020

På desse datoane skal iallfall «Justice League» samlast, meir Batman og Supermann, og mest sannsynleg ein Wonder Woman og Aquaman – så gjenstår det å sjå kva DC har igjen på teiknebrettet. Dwayne «The Rock» Johnson har iallfall hinta kraftig til ein Shazam-film.

Desse datoane stemmer ikkje overeins med det Hollywood-superblogger Nikki Finke meldte i juni – men Warner Bros kan sjølvsagt ha endra planane sine sidan då.

I tillegg annonserte Warner Bros to såkalte «WB Event Films» i november 2018, og november 2020. Det vert no spekulert i om dette er «Dragonriders of Pern» eller dei to neste i Harry Potter-spinoff-serien «Magical Beasts».