Noko av det tristaste i verda er gode scener i elendig film. For ei bortkasta skjebne for utspekulert filming, vittige dialogar, skarp satire og overraskande kjensleladde scener å vere gøymd vekk i eit hav av dårlege avgjersler og pengar som burde ha blitt nytta ein anna stad.

Og ja, eg kjem til å skrive om Star Wars i denne artikkelen óg. Deal with it!

«I Am Legend» hadde eit godt premiss frå starten av. Det einaste gjenlevande mennesket på jorda mistar stadig bakkekontakten med røynda, og fryktar kampen frå dei infiserte, vampyrliknande beista som kun kjem ut om natta. Diverre gjekk den vekk frå opphavsmateriale, og gjorde heile historia om til ein slags tafatt jesus-allegori, i staden for ein slags omvendt Dracula-historie, og tapte mykje på det. Men på vegen mot slutten hadde den eit par gode scener; spesifikt den i DVD-butikken, og denne. Alle saman, hels på Fred:

Liknande scener frå Will Smith-filmar: Will Smith slår til romvesenet i «Independence Day» og seier «Welcome to earth!», og pseudo-Asimov-filmen «I, Robot» som slutta akkurat idet den byrja å verte interessant.

Sånn cirka éin gong i året har eg eit filmmaraton med vener der me med viten og vilje ser på nokre av verdas verste filmar. Me kallar det Crapfest. I klassen «filmar som er så dårlege at dei vert gode» er scener som denne frå «Mega Shark vs. Giant Octopus» essensielle. Der heile filmen i hovudsak er eit upolert skrive forsøk på å skape den beste «man vs. nature vs. nature»-filmen i verda, har den éi scene som fekk maratondeltakarane til å vri seg på golvet i latter. Om eg ikkje hugsar heilt feil, så såg me scena om att eit par gongar óg.

Om dette såg freistande ut for deg, har du ei heil verd av The Asylum-filmar å sjå fram til!

Gode scener frå andre Crapfest-filmar: Når Arnold vert til ei plante i «Troll 2», og katt/vegg-scena i «The Carrier» (1980).

Om ein ser vekk frå syngescena og emohåret, så er kanskje problemet til «Spiderman 3» at det var for mykje film på litt over to timar. Den tredje filmen skulle prøve å overgå sine to forgjengarar, og endte opp med å bli ei rotete forteljing mellom eit par gode actionscener. Men det er ingen av desse eg vil trekke fram, faktisk vil eg plukke ut ei relativt roleg scene, fødselen til anti-skurken Sandman. At denne scena ikkje skaffa Spiderman 3 ein oscar-nominasjon for beste effekter er tullete, når ein ser at Transformers-filmane får nominasjonar i bytter og spann:

Gode scener relatert til superheltar: Supermann er full i «Supermann 3», Hancock har sex i «Hancock».

Det er så mange ting som er galt med «White Chicks», men det er éi scene som utelukkande er gull. Og det er utelukkande på grunn av Terry Crews nydelege tolking av ei vakker poplåt. Hadde eg ikkje visst betre, hadde eg trudd at denne kom midt under Youtube-lip-synche-tida, men Terry Crews er tydelegvis forut for trenden på andre felt enn rødløper-mote.

Gode scener som er relatert til Marlon Wayans: Når Marlon Wayans dør i «Scary Movie». Når Marlon Wayans dør i «Dungeons & Dragons». Merkar du at eg ikkje er så begeistra for Marlon Wayans?

Idet eg seier at eg velgjer ei scene frå «Swordfish», så er du éin av to personar: Dei som er overraska over at eg ikkje valgde topplaus-scena til Halle Berry, og dei som ikkje er det. Eg velgjer sjølvsagt eksplosjonen, fordi den faktisk er veldig godt laga. I filmen som satte ny standard for kor merkeleg håret til John Travolta kunne vere (med unntak av «Battlefield Earth») var dette det absolutt beste elementet:

Gode eksplosjonar frå andre filmar: Flykræsjet i «Knowing», torpedoscena frå Pearl Harbor.

Sånn i ettertid kan eg knapt skilje dei tre – nei, fire! – «Pirates of The Caribbean»-filmane frå kvarandre. Det er eit eller anna med Legolas og unge og gamle Keith Richards, og ho dama som liknar på Natalie Portman, og piratar og skip og sånn. Og eg hugsar noko om rom, og ein amulett. Og det er stort sett det. Men éi scene skiljer seg ut i hovudet mitt som nydeleg skutt (no pun intended), scena der den slemme kaptein Beckett døyr i den tredje filmen:

Gode slow-motion-scener i dårlege filmar: Bullet time-scena i «Max Payne», og «X-Men Origins: Wolverine» som prøvde å kopiere slow-motion-scena i «Watchmen»

Ja, eg er ein av dei som ikkje er veldig begeistra for dei tre siste Star Wars-filmane. Dei er ikkje naudsynt verdas verste, nei, men dei har for mange manglar til å oversjå det. Men samtidig, nokre ting vert framleis gjort bra. Og greit, podracingscenene er kule, men i «Star Wars, Episode I: Phantom Menace» er det den avgjerande lyssverdkampen mellom Obi-Wan, Qui Gon og Darth Maul som regjerer:

Vagt liknande dødskampar frå dårlege filmar: Merovingiankampen i «Matrix Reloaded», Samuel L. Jackson held ein inspirerande tale, og døyr i «Deep Blue Sea».

Gode scener i elendige filmar kan anten vere krykka som reddar ein film opp på sjåverdig-status, eller noko som legg grunnlaget for ei historie som resten av filmen ikkje klarer å leve opp til. I mine auger let det av og til filmskaparar av kroken litt for lett. Bør det vere nok med éi fantastisk kul scene for at Transformers-filmane skal vere verdt å sjå? Er det nok for ein Wayans-bror å kome på éin artig dialog før han lagar ein ræva film rundt den? Kanskje er eg berre litt teit, men tidvis gjer dette meg – relativt sett – alt for trist.

Avslutningsvis vil eg prøve å rokke litt ved verdssynet ditt. Kva er det beste med den mildt sagt middelmådige filmen «Entrapment» med Catherine Zeta-Jones og Sean Connery i hovudrollene? Dersom du no tenkjer på rompa til Catherine Zeta-Jones har du heilt rett. Men sjå på den ein gong til, kvifor ser du aldri andletet hennar i dette skotet?

Ass double. Eg berre seier det.

Er det noko eg har gløymt? Kva er di favorittscene i ein ellers ganske forferdeleg film?