– Ny teknologi held seg berre til stova, sa filmskapar Christopher Nolan på Comic-Con i år.

– Eg vaks opp i ei tid der å vere ein astronaut var den høgste ambisjonen. Og ideen om at me kunne utforske vidare og vidare. Eg føler den driven har falt dei siste tiåra. Eg håper at me er på randen av ein ny era som ser utover.

Med «Interstellar» er det nettopp å sjå utover han vil. Filmen omhandlar ei jord øydelagd av klimaforandringar, og ei menneskeheit som er nøydd til å jakte på nye mogelegheiter. I den siste traileren før filmpremiera får me sjå meir av planetane dei besøker, og framleis lite av historieforløpet – heldigvis.

Matthew McConaughey, Anne Hathaway, Michael Caine, Casey Affleck, Ellen Burstyn, Wes Bentley, Jessica Chastain, Mackenzie Foy, Bill Irwin, David Oyelowo og John Lithgow utgjer ei usakleg god cast.

Musikken i traileren er forresten «Final Frontier» av norske Thomas Bergersen:

Ambisjonane på Nolans første regiprosjekt sidan «Dark Knight Rises» er høge, Sjølv har han sagt at målet er noko i same duren som «2001: A Space Odyssey».

– Når du ser filmen vil du sjå alle tinga eg har plagiert. Eg tullar ikkje når eg seier det. Den éine store påverknaden er nok «2001: A Space Odyssey». Eg vil at born skal gå med foreldra sine og sjå den enorme skalaen på skjermen. Det er min ambisjon.

På denne filmen er det ikkje Nolans faste cinematograf som filmar, Wally Pfister vart erstatta med svenske Hoyte van Hoytema (som blant anna filma «Svidd Neger» tidleg i si karriere, og no er aktuell for «James Bond 24») då Pfister valde å debutere som regissør på «Transcendence» i staden.

«Interstellar» har verdspremiere den 7. november, men fordi Nolan er av den gamle filmskulen så vil 225 utvalgte kinoar i USA ha premiere allereie den 5. november – fordi dei framleis viser 70mm eller 35mm-film.