Når du tek eit kjapt blikk på dei to seriane «American Horror Story» og «Glee» kan det vere litt vanskeleg å fatte at dei er skrivne av same mann – Ryan Murphy – til trass for nokre felles «oss mot dei»-tematikk.

Men så set førstnemndes hovudperson, spela av Jessica Lange, igang med ei anakronistisk versjon av David Bowies «Life on Mars», og så ser du at – joda, det er vel nokre likskaper.

Det er 50-talet, og som i fleire av dei tre føregåande sesongane av «AHS» følgjer me ein kultur i nedgang. Denne gongen karnevalsfolket, freaks og andre med medfødde misdanningar som sjokkerar og fascinerar folket rundt seg.

ahs_sak1

Sentralt er nettopp Jessica Langes figur – den tyske matronen Elsa Mars – som bestyrar av eit freak show. Ho er (som i fleire av dei andre sesongane) ein fallert figur, med håp om å blusse opp fortida.

Spesifikt er ho særs oppteken av 30- og 40-talets Marlene Dietrich, som ho har eit problematisk forhold til.

lange

Universet forsøker å framstille seg som mørkt og dystert, men som ein stad der freaks har eit hjarte for kvarandre. Det hjartet er diverre veldig lite.

Og når dei «normale» innbyggjarane i småbyen Jupiter, Florida til stadigheit plasserast som eit motstykke til samfunnsutskota, er det nok av «men kanskje det er VI som er freaks?»-spørsmål for publikum å stille seg. Alt etter fire episodar byrjer det å bli litt slitent.

Referansane tilbake til filmar som «Freaks» frå 30-talet er openbare, og ein del av tematikken er gjort betre tidlegare. Difor er serien best når den fokuserar på menneska bak dei merkelege utsjånadane – noko som tek nokre episodar.

Forresten, om du har klovnefobi har du ingenting å frykte frå denne serien.

twisty_gif

Berre tulla, sjølvsagt har serien den skrekkelegaste fiksjonsklovnen sidan Pennywise smilte frå rennesteinen på 90-talet.

Dermed er det direkte skrekk-elementet verkeleg attende, i mi meining for første gong sidan første sesong. Og at også klovnen Twisty finn vener i denne mørke verda er desto meir skremjande.

Høgdepunkta i serien er heilt klart Sarah Paulson som dei siamesiske tvillingane Betty og Dot – det er utruleg kor mange smånyansar ho klarar å samle for å skilje dei to ellers prikklike figurane.

Dette vert hjulpe av godt produksjonsdesign – både på datagrafikken og på smådetaljane rundt ho.

sp

Betty og Dot er også gjenstand for eit av – den særs velfilma – seriens cinematografiske høgdepunkt. Tidvis delar kamera seg i to, og viser kva dei to figurane sine blikk fokuserar på. Ein særeigen måte å filme dei to kvar for seg når dei tenkjer seg bort vert også ein fin parallell til når andre figurar viser ulike sider av seg sjølv.

Ellers gjer Jessica Lange ei sterk rolle som Elsa Mars. Tolkinga er attkjenneleg frå dei tidlegare sesongane, sjølv om ho kanskje gjer meir ut av seg visuelt som songerinne enn som nonne.

Det same gjeld skodespelet til Evan Peters som Jimmy «Lobster Boy» Darling – ein kar med misforma hender som har ein seksuell sidejobb ved sidan av å dukke opp i sceneshowet. Det er mykje godt skodespel generelt, men sirkuset kan bli litt vel rotete i starten før alle får litt rotfeste.

Starten av sesongen er ein litt langdryg episode, som til tider kan bli nesten litt keisam. I tredje og fjerde episode, ein Halloween-spesial, tek spenninga seg opp igjen.

Godt hjulpe av at fleire av figurane fortel si historie, og enkelte avsløringar som knyter saman trådar som hjelper å halde serien frå å gå totalt utanfor rammene – slik delar av tredje sesong tok litt skade av.

Serien er overdådig, «over the top» og vågar framleis å gjere ting som få andre tør. Med tredje episode er «American Horror Story: Freak Show» saktegåande, men med den herlege, dystre, underliggande tonen som gjer til at du ser ein ekstra gong over skuldra når du pusser tennene etterpå.

Etter den første fjerdedelen av sesongen byrjer «kven er eigentleg freaks»-tematikken å bli litt slitt allereie – men interessante menneskeskjebner, og godt skodespel gjer til at eg likevel er spent på framhaldet.

«American Horror Story: Freak Show» har norsk premiere på FOX Norge i kveld klokka 21.55.

PS, for ordens skyld: Filters søsterselskap Newslab gjør oppdrag for FOX Norge, men det har ingen føringer for denne anmeldelsen.